I dagens avis har vi i to ulike saker fokus på vegstandard og kva dårleg veg kan føre til. Det verste dømet er frå Marsåvika, på fylkesveg 60 mellom Stryn og Loen der føraren av ein personbil omkom i ein frontkollisjon med lastebil i november i fjor. Etter å ha etterforska saka valde påtalemakta å henlegge saka mot lastebilsjåføren som kom over i motsett køyrefelt. I staden vert fokus retta mot forholda på vegen.

Rapporten politiet og Statens vegvesen har utarbeidd etter ulukka, viser at forholda på staden ikkje var slik dei skulle. Asfalten slutta med ein mellom sju og ni centimeter rett kant mot grøfta. Samtidig stod brøytestikkene opptil ein halv meter unna asfaltkanten. Med basis i dette, ønskjer faren til den omkomne bilføraren meir etterforsking, med fokus på vegstandard og kva ansvar fylkeskommunen har som vegeigar.

Ein annan del av fylkesveg 60, strekninga som går gjennom indre Hornindal, har vore i media sitt fokus i mange år. Standarden på vegen har vore under ein kvar kritikk i mange år. Vegen er smal, svingete, har svake kantar og byr store delar av året på mange kilometer med telehiv.

I september omdisponerte vegvesenet midlar til å asfaltere strekninga. Dermed vart vegen betydeleg meir behageleg å køyre på. Samtidig som vegen fekk nytt asfaltlag, fleire stader med eit forsterka lag under toppdekket, vart også grøftene pussa opp.

Resultatet vart betre veg, men og høgare kantar. Når brøytestikkene vart sette opp til dels langt frå asfaltkanten, er resultatet fleire utforkøyringar. Berre på tre dagar har minst tre køyretøy vore utfor den høge asfaltkanten. Alle med det resultat at dei måtte ha redningsbil for å kome opp.

Fokuset på god veg er viktig. Samtidig er det viktig å tenkje heilskap, slik at vegen ikkje berre vert god, men og sikker. Høge asfaltkantar er farlege når ein kjem utfor. På vinteren viskar snøen ut skillet mellom veg og grøft. Då er det viktig at det ikkje vert brøyta for langt ut. Og i alle fall ikkje lenger enn det er fast grunn. Første bod er då å ikkje setje brøytestikkene lenger ut enn forsvarleg. Det skal lite til før ein utforkøyring kan få dramatiske konsekvensar. Ulukka i Marsåvika er eit fælt døme på det.

Bengt Flaten

ansvarleg redaktør