I brevet konstaterer forskarane at det meste går feil veg på miljøfronten, enten det er klimaendringar, befolkningsvekst, avskoging, utrydding av artar eller redusert tilgang på reint vatn.

Brevet følgjer opp eit liknande brev som 1.700 forskarar stilte seg bak i 1992, "World Scientists’ Warning to Humanity". Det nye brevet summerer opp statusen etter dei 25 åra som har gått, og den er ikkje oppløftande.

– Bortsett frå stabiliseringa av ozonlaget har ikkje menneskja klart å gjere nok for å løyse desse spådde miljøutfordringane. Urovekkjande nok har dei fleste av dei vorte mykje verre, skriv forskarane i brevet, som er publisert i tidsskriftet BioScience.

I 1992 frykta naturforskarane at vi var nær grensa for kva livet på jorda kan tole og bad verda om å sørgje for å stabilisere befolkningstala, redusere utsleppa av klimagassar, avvikle bruken av fossilt drivstoff og stoppe avskoginga og utryddinga av artar.

No er tida er i ferd med å renne ut, meiner forskarane og oppmodar folk, media og forskarar til å auke presset på styresmakter og politikarar.

– Ein organisert grasrotopinion kan nedkjempe seigliva motstand og tvinge politikarane til å gjere det rette, skriv forskarane.