Stryn Vinterski har fått svar på søknad om uttak av vatn til snøproduksjon.

Stryn Vinterski søkte om uttak av vatn til snøproduksjon etter følgjande skalering: Dei første 20.000 m³: Gratis. Dei neste 20.000 m³: 90 prosent rabatt. Utover 40.000 m³: 75 prosent rabatt.

Vedtok rådmannen si tilråding

I saksutgreiinga står det at det ikkje er lov å gje fritak for gebyr. Rådmannen tilrår at det vert innvilga 90 prosent rabatt på forbruksgebyr i forhold til kvar gjeldande reintvasspris pr. kubikkmeter, og at vassforbruket skal fakturerast etter målt forbruk.

Kommunalsjef teknisk etat kan stoppe vasstilførsel til snøproduksjonen om det blir nødvendig. Eit samrøystes utval for tekniske saker vedtok rådmannen si tilråding.

Saka skal vidare til kommunestyremøtet tysdag.