Stryn sine 2. divisjonsherrar i handball skal på langtur denne helga i jakta på nye poeng.

Ein av dei lengste turane i sesongen står for døra når Kolbotn (laurdag) og Ski (søndag) er motstandarar for Oli Sveinsson sitt mannskap. Stryn jaktar framleis sin første siger i divisjonen, men har ved fleire høve vore nær. To uavgjorte er fasiten så langt.

Kresic ute?

Stryn må mest truleg klare seg utan playmakeren Lovro Kresic som pådrog seg ein kneskade mot FyllingenBergen 2 for 14 dagar sidan.

Tidlegare i veka sa trenar Oli Sveinsson at han ikkje rekna med at kroaten kunne spele. Kresic prøvde seg på trening onsdag, og sjølv om han ikkje fullførte økta ser det ut til at han blir med austover. Det står att å sjå om han kan vere med å bidra ute på bana.

Hove klar igjen

Julian Hove stod over sist kamp, men er klar igjen til møta med Kolbotn og Ski.

På papiret ser det ut til at sjansane for poeng er best på laurdag, og med siger vil Stryn vere heilt oppe i ryggen på Kolbotn. Ski ligg så langt på tredjeplass på tabellen.

– Vi kan slå alle og vi kan tape mot alle, har Sveinsson uttalt tidlegare.