Dei fire norske hopparane vant til slutt det som vart ein svært spennande laghoppkonkurranse i polske Wisla laurdag kveld.

Norge stilte med Anders Fannemel, Johann André Forfang, Daniel André Tande og Robert Johansson som saman hoppa inn 1023,8 poeng foran vertsnasjonen Polen som delte andreplassen med Austerrike med 1006,5 poeng. Tyskland enda på tredjeplass framfor Japan.

Ein best tenkjeleg sesongstart for dei norske hoppgutta som skal ut i individuelle hopp søndag.

Johann André Forfang og Daniel André Tande hadde to av dei beste hoppa i første omgang på 129,5 og 129 meter. I siste omgang hoppa Anders Fannemel 127,5 og Robert Johansson på 121,5 i den siste omgangen. Det heldt til siger.

- Vi hang godt med etter første omgang. Eg hoppa betre i andre omgang og resten leverte igjen, då var vi plutseleg øvst på pallen, fortel Anders som sjølvsagt er svært godt nøgd med sesongstarten.

- Men vi har vi alltids litt å jobbe med til morgondagen, seier Fannemel til Fjordingen.