Namn: Maria Grodås

Stat: California

Skule: Analy High school

Saknar: Besta sin klubb

– Eg har det fint her nede, men det er veldig annleis enn kva eg er vand med, seier Maria til Fjordingen.

– Skulesystemet er ganske forskjellig, elevane byter klasserom i staden for lærar. Dei har meir lekse og leksa tel ein stor del av karakterane.

Bestemte seg i 8. klasse

Maria gjekk i 8. klasse då ho fann ut at ho ville reise til USA og vere utvekslingselev.

Ho synest det var ein del papirarbeid for å bli utvekslingselev. Ho måtte fylle ut søknadar, reise til Oslo for å få visum og ta fleire vaksiner, men ho seier også at heile prosessen har gått fint og utan problem.

Cheerleader

På fritida er Maria Cheerleader på Analy varsity cheer team.

Ho brukar tid med vener og nesten kvar fredag er det amerikansk fotballkamp der dei møter opp for å heie fram skulens lag.

Sett utsikta frå Twin peaks

– Kva har vore den beste opplevinga hittil?

– Det kjekkaste må vere å få oppleve San Francisco, som eg bur ein time unna, seier Maria.

– Eg har fått sett og kjørt over Golden gate bridge. Vi besøkte også «Painted ladies» der ein del av serien «Full house» er spelt inn. I San Francisco har eg også sett utsikta frå Twin peaks og gjort ein del shopping i byen, fortel Maria.

  • Ein utvekslingselev er ein elev i vidaregåande opplæring som tek eit skuleår i eit anna land.

  • Det er fleire store organisasjonar som har spesialisert seg på elevutveksling.

  • Elevar eller skular kan også finne skule og vertsfamilie på eiga hand.

       Kjelde: SNL

Cheerleader: På fritida er Maria cheerleader, og nesten kvar fredag er ho med og heiar fram skulens lag på fotballkamp. Her er ho saman med ein av cheerleaderkollegaene sine. Foto: Privat