Utbygging Tonning skule, ombygging av Storesunde skule til barnehage, heilt ny barnehage i Innvik og terapi- og utebasseng tilknytt Stryn kulturhus. Dette er blant tiltaka som gjeld skule- og kultursektoren i budsjettframlegget frå rådmannen.

Då skule- og kulturutvalet handsama budsjettet for første gong i år sist tysdag, valde dei å støtte framlegga til rådmannen. Ingen hadde endringar i prioriteringane med forslag om eit alternativt budsjett.

– Vi må gjere fornuftige vedtak for framtida, og har fått med dei lovpålagde tenestene som kommunen må innfri. No er det først opp til formannskapet å ta budsjettprosessen vidare. Siste ord er nok ikkje sagt i denne saka, meinte utvalsleiar Sonja Øvre-Flo (H).

Tidlegare politiske vedtak

I rådmannen sitt framlegg er utbygging av Tonning Skule prioritert, i tillegg til ombygging av Storesunde til barnehage og ny veg til denne.

«Dette er store prosjekt, og saman med tiltak som kommunestyret tidlegare har vedteke å ta inn i våre planar, som blant anna bygging av ny barnehage i Innvik og bygging av terapi/utebasseng i Stryn sentrum, blir det ein stor sum til nye tiltak som må finansierast i økonomiplan-perioden», heiter det i kommentaren frå rådmannen.

– Stramme økonomiske rammer

– Det blir lite handlingsrom framover dei neste åra. I år har vi brukt av disposisjonsfondet for å få balanse og finne rom til nødvendige tiltak. Men vi må sjå på heile budsjettet, og ruste det for framtida, sa skule- og kultursjef Hilde Lødøen.

Rådmannen føreslår at ein i 2018 gjennomfører eit prosjekt som ser på heile organisasjonen. Målet med Prosjekt 2018 er å frigjere fem millionar, i tillegg til innsparing frå 2018, frå og med budsjettåret 2019.

– Seint inn i budsjettprosess

Per Kjøllesdal meinte det blir ein krevjande budsjettprosess dei komande åra, der ein må vere nøkterne. Tidlegare i haust etterlyste han ekstra budsjettmøte, men det vart berre med det eine møtet tysdag.

– Det er uvant å kome inn i budsjettprosessen så seint. Vi skulle ha vore med å prioritert tiltak først, i staden for at vi får sjå forlaga frå rådmannen etterpå, sa Kjøllesdal (Sp).

– Dette er ei vurdering ein har gjort saman med rådmannen, så kan ein vurdere om det var rett, svarte skulesjefen.