Strtyn tapte sin andre kamp på turen til austlandet denne helga då Ski vart for sterke. Sluttresultatet vart 26 - 20 til Ski, men trenar Oli Sveinsson ser likevel framgang etter tapet mot Kolbotn i går laurdag.

- Dette var betre ja, men vi er urutinert i ein periode der vi skyt for tidlig og for svakt. Gutta skal likevel ha for at dei spelte smartare i andre omgang, seier Sveinsson.

Stryn møter Kjøkkelvik heime i Stryn komande helg.

- Då må laget vise kva dei står for, seier Sveinsson.