Når Ellivan (Elling Vanberg) blir sitert i lyd og lag er det gjerne humoristen, frodige dikt og viser på dialekt, men går vi inn i dikta og visene til Ellivan finn vi ein diktar med tankar og kunnskap som stikk langt djupare inn i menneskesinnet.

Han var bonde av yrke, men tenkjar, djup tenkjar av legning. Det er denne fine blandinga av det jordnære og det djupt tenkjande med søkjelys på omverda som gjer Ellivan til noko langt større enn det folk flest har vore klar over.

«Heimkjenning» i Stryn kulturhus vart eit festkveld av dei sjeldne. Halvfull storsal kunne gjerne vore fylt til siste plass.

Sigrid Kristin opna med nokre ord om faren, og sa at dei no ville samle vener for å dele litt av livet og forfattarskapet hans. Det var heimkjenning kvelden handla om. Heimen, bygda og naturen rundt, som hadde så uendeleg mykje å seie for Elling.

Det var kor frå Olden, visegruppe frå Stryn, einskildpersonar nær knytta til venen Elling i fin blanding av ord og tonar, men aller sterkast var diktlesinga til kona, Anne Margrete.

Stova på Vanberg

Scena for kvelden var som eit snitt av stova på Vanberg der Ellivan alltid hadde ei opa dør for gode vener. Kulturpersonar som ville lytte, synge og ta del i tankane hans. Anne Margrete fekk plass i godstolen, og las frå den siste boka.

– Det eg saknar mest er nokon å dele tankane med, sa ho og les:

Ellivan fekk sagt mykje med få ord, og kona leita fram godbitar som hadde så mykje å seie for henne sjølv, og som ho meinte illustrerte sjølve drivkrafta bak forfattarskapet hans.

Stolt far

Dotra Sigrid Kristin som var programleiar, var innom den store gleda for Elling. Gleda over å bli far. De speglar att i Vambers Ambolt. Tonesett av Jan Nygård og framført av mannen hennar, Ketil Hansen.

Familien har gått djupt i seg sjølve for å få til denne kvelden og den nye boka. Ord og tankar dei ynskte å dele med andre.

Fridtjov Urdal og Ove Eide er to personar som kjende Ellivan godt. Urdal fortalde frå kulturmisjonsferd til Olden der han vart beden heim til diktaren, og skildra møtet og seinare opplevingar i velvalde ordelag.

Det var eit stort vonbrot for Elling Vanberg at Det Norske Samlaget ikkje ville gje ut dikta hans. I november 1993 inviterte han Ove Eide til Vanberg, og det enda med tre bøker på Vestlandsforlaget som var drive av Åsmund Berthelsen.

Stort samfunnsengasjement

– Elling hadde eit stort samfunnsengasjement, uttrykt i dikt, men endå meir i lesarbrev og artiklar i aviser og magasin. Han såg mangt i samtida som han stygdes ved: som materialisme, underhaldningssykje, konkurransementalitet, sa Eide. Han kunne fortelje at i 1991 skreiv Elling brev til den amerikanske regjeringa og bad dei vise moderasjon i Midt-Austen. Han bad USA påverke og stogge Israels okkupasjon av palestinsk område. Han bad også USA stoppe Saddam Hussein før han fekk kjernefysiske våpen.

– Han betydde så mykje for oss, sa dotra då ho takka publikum for frammøtet og bad inn til sosialt samvær og mimring om mennesket Elling Vanberg og diktaren Ellivan. Vi kan legge til at han fekk mykje å seie for mange, mange fleire.