Bjørke grendalag ynskjer ei skriftleg innbyggjargransking i saka om grensejustering for Bjørke-området. Det går fram av eit skriv grendelaget har sendt til Fylkesmannen i Møre og Romsdal.

– Vi meiner innbyggjarhøyringa bør gå føre seg per brev og ikkje telefonisk. Dette er ei så viktig sak for mange at det er viktig ein får ro til å svare slik ein eigentleg meiner. Dette gjeld spesielt eldre og andre som høyrer dårleg og av andre grunnar har vanskeleg for å svare per telefon. Me tilrår då òg at faktagrunnlaget og innbyggjarhøyringa vert sende ut samstundes, heiter det frå grendelaget i skrivet til fylkesmannen.

Grendelaget er vidare opptekne av at spørsmåla som vert stilte i høyringa er så enkle og tydelege som mogeleg.

– Grendelaget er også skeptiske til at faktagrunnlaget som fylkesmannen skal samle inn, ikkje ser ut til å verte presentert for innbyggjarane. Vi meiner faktagrunnlaget må ut til innbyggjarane før eller i samband med innbyggjarhøyringa, heiter det frå grendelaget.