Storflaumen i Utvik 24. juli sette Utvik elektrisitetsverk fullstendig ut av spel, truleg for meir enn halvt-anna år.

Storelva tok nye vegar og store steinar dundra ned nye elveløp og pakka bokstaveleg talt Utvik Elektrisitetsverk inne. Ikkje berre vart uteområdet totalt rasert og rørgatene knuste. Også innvendig såg kraftstasjonen ut som eit katastrofeområde, fylt med grus og stein.

110 andelseigarar

Utvik Elektrisitetsverk er eigd av 110 andelseigarar, dei fleste av dei privatfolk. Styreleiar Bjørn Otto Hauge fortel at forsikringsselskapet har konkludert med at kraftstasjonsbygget er så hardt skadd at det må rivast for å gje plass til nytt.

– Kva vi gjer med maskinene, er ikkje endeleg avklart enno. Det vert møter i tida framover etter kvart som vi får meir avklaringar både frå forsikringsselskap og NVE, seier Hauge.

Meir framtidsretta

Elektrisitetsverket var bygd med to rørgater inn til kvar sin

maskin. Tanken er å forenkle dette, med ei rørgate og ei maskin. Altså å byggje opp eit meir framtidsretta kraftanlegg.

– Men dette vert det opp til eigarane å bestemme, i samråd og samarbeid blant anna med NVE. Den eldste maskinen var over 70 år gammal, og vil bli fasa ut, seier Hauge.

Som legg til at det gamle kraftanlegget var konsesjonsfritt.

– Så vi treng også avklaringar i forhold til konsesjon.

Då fylkesvegen vart bygd opp att etter flaumskadane, la vegvesenet ned store betongrør for å gje plass til framtidig rørgate til Utvik Elektrisitetsverk. Ut over dette, er det ikkje gjort veldig mykje arbeid i steinrøysa rundt kraftstasjonen, ut over at bygget stort sett er rydda reint.

Avbrotsforsikring for eitt år

– Kva med økonomien i dette, har selskapet avbrotsforsikring?

– Ja, vi har avbrotsforsikring, men ikkje for meir enn eitt år. Eg trur ikkje vi er i gang igjen med kraftproduksjon her før tidleg vår 2019. Så det vert ein lengre periode med tapte inntekter. Inntektene frå kraftproduksjonen har i stor grad blitt pløygd tilbake til ulike tiltak i og for bygda, seier Hauge.

Utvik Elekteisitetsverk har også eit lite og gammalt kraftanlegg lenger oppe i Storelva. Det er frå 1927 og produserte ikkje meir enn 150 kWh.

– Det var i gang mest for nostalgien, og vert neppe prioritert i tida framover, seier Hauge.

Stort sett rydda: Bjørn Otto Hauge, styreleiar ved Utvik Elektrisitetsverk SA inne i anlegget som var fylt opp med stein og grus. – Denne steinen var så tung at eg ikkje har fått han ut enno, seier han. Kraftverket vert truleg ute av drift til våren 2019 etter dei store øydeleggingane. Foto: Bengt Flaten