Etter sigeren over Kjøkkelvik sist helg er det eit strynelag med styrka sjølvtillit som set kursen austover i helga.

Stryn sine 2. divisjonsherrar i handball fekk ein solid opptur då Kjøkkelvik vart sett på plass sist helg, i ein kamp der Leon Pavlovic scora heile 20 av måla.

Laurdag og søndag er det duka for to tøffe oppgjer på Austlandet. Først ut er oppgjeret mot tabellnabo Falk Horten 2 i ettermiddag, som overraskande tukta tabelleiar FyllingenBergen 2 i sin siste kamp. Om Stryn viser same vilje og innsats som mot Kjøkkelvik bør laget likevel ha gode sjansar for å ta poeng i denne kampen.

Søndagens motstandar, St. Hallvard 2 frå Lier, ligg midt på tabellen med fem sigrar og fire tap så langt. Også her bør Oli Sveinsson sitt mannskap ha mogelegheiter for poeng.

Skadefritt

Trenar Oli Sveinsson tek med seg stort sett dei same spelarane som var med sist helg, unntaket er Gunnar Sigurdsson.

– Det ser positivt ut, og det ser ut til at alle er skadefrie, seier Sveinsson, som sjølv teikna seg på scoringslista førre helg.