23. juni neste år skal jubileet for eitt av dei største norske idrettsaugneblinkane gjennom tidene markerast ved at spelarar frå laga som møttest i Marseille igjen står ansikt til ansikt i hovudstaden, heiter det i ei pressemelding.

Det er Aftenposten Event som står bak arrangementet og som har jobba i fire år med å realisere revansjekampen. Målet har vore å få dei sentrale spelarane frå 1998-oppgjeret på bana.

Den brasilianske stjerna Ronaldo, kåra til den beste spelaren i verda fleire gonger, er klar for kampen. Han møter eit norsk lag med Kjetil Rekdal i spissen.

Kampen vert spelt berre få dagar før VM-sluttspelet i Russland vert sparka i gang.

NRK sender kampen og i kommentatorbua gjer Arne Scheie comeback.

Norge slo Brasil 2–1 i Marseille for 20 år sidan. Tore André Flo og Kjetil Rekdal scora for Norge. Frode Grodås, Jostein og Håvard Flo var også i troppen. Sigeren sende det norske laget til utslagsrundane i VM-sluttspelet i Frankrike.

(©NPK)