Norge og Anders Fannemel kjempa ein svært tett kamp med Polen i laurdagens verdscupkonkurranse i laghopp i tyske Titisee-Neustadt.

At differansen mellom dei to laga var på berre 1,7 poeng etter seks hopp fortel litt om den jamne lagkonkurransen. Men tettare skulle det altså bli.

Fannemel gjorde sine saker svært bra, særleg andrehoppet til honndølen var av høg klasse. Hoppet på 141,5 meter var eit av dei beste i konkurransen, og i motsetnad til første omgang, der Fannemel hoppa 133,5 meter, bidrog dette hoppet til at Norge auka leiinga til polakkane.

Ein sistepulje med Kamil Stoch og Johann Andre Forfang i spissen heldt på spenninga til siste slutt. Begge slo av litt frå første omgang, og sigeren gjekk i favør Norge med berre 0,8 poengs margin etter åtte hopp. Tyskland tok tredjeplassen.

På laget elles hoppa Robert Johansson og Daniel Andre Tande. Sigeren var Norge sin femte strake.

- Andrehoppet svara godt og eg håpar på endå litt framgang og at eg kan vere med i toppen i morgon, uttalte Fannemel til FIS sin reporter. Då står individuell konkurranse på programmet.