Johan Eirik Meland, Markane, var best av dei lokale under sprintrennet i norgescupen i skiskyting laurdag. Han gjekk inn til ein 21. plass mellom dei drygt hundre startande. Meland skaut ein bom på den liggande serien og kom i mål 1.45 minutt etter vinnaren Håvard Gutubø Bogetveit frå Førde IL.

Også fleire andre lokale stilte til start. Jarle Midthjell Gjørven vart nummer 51. Også han ein bom, men med noko lågare fart i sporet kom han i mål 2.33 etter vinnaren.

Mest imponerande var kanskje juniorløparen Simon Hjelmeset Kirkeeide, også han Markane. Han fekk ein 65. plass. Med sine fire strafferundar (2+2) var han 2.56 minutt bak vinnaren. I rein langrennstid var 17-åringen såleis nesten på høgde med Meland.

Vegard Skrede frå Hardbagg IL vart nummer 83, 3.42 bak vinnaren med tre strafferundar. Aksel M. Meland, Markane, vart nummer 90, 4.16 bak og ein strafferunde. Begge desse er også juniorløparar.

Vi nemner elles Stårheim-løparen, og halvt strynejente, Sigrid Flo Bødal sin svært sterke 5. plass i dameklassen. Med feilfri skyting var ho 1.16 minutt bak vinnaren Sigrid Bilstad Neraasen frå Vingrom IL.