Frode Grodås var ein av fire nordfjordingar som var med på den uforgløymelege 2–1 sigeren over Brasil i VM i 1998.

23. juni neste år skal jubileet for eitt av dei største norske idrettsaugneblinkane gjennom tidene markerast ved at spelarar frå laga som møttest i Marseille igjen står ansikt til ansikt i hovudstaden.

– Det blir stas å møte gamle spelarar att, seier Norge sin keeper og kaptein frå oppgjeret i 98, honndølen Frode Grodås. Det var først etter kampen at han forstod at det laget hadde gjort var så stort.

– Vi hadde berre fokus på det vi skulle gjere, fortel Grodås, som er klinkande klar på at Betbeto ikkje skal få score på han igjen neste sommar. Grodås var elles ein av få norske spelarar som fekk bytta til seg ei drakt etter kampen, og drakta til Brasil sin keeper, Taffarel, heng på veggen i leilegheita i Hornindal.

Også Håvard Flo ser fram til kampen neste sommar:

–Det skal bli kjekt. Og eg trur eg skal vere meir mobil enn Roberto Carlos denne gongen. Tore André Flo og Jostein Flo var også med på «mirakelet i Marseille» i 1998.