Nye Volda har tilsett Paul Ottar Tornes som prosessleiar innanforIKT og digitalisering.Dette skriv nye Volda på si nettside.

Dette er den første tilsettinga i«Nye» Volda etter det offisielle Stortingsvedtaket omkommunesamanslåinga i juni.

Tornes er i dag tilsett som Strategisk leiar IKT for Nordfjordkommunene, og vil starte i ny jobb 1. mars 2018.

– Dette gler eg meg veldig til. Eg er så heldig at eg kjenner ein del frå Hornindal kommune gjennom den jobben eg har no, og så kjenner eg også litt til Volda. Vi har mykje godt arbeid framfor oss, seier Tornes.