Ordførar Jan Ove Tryggestad i Stranda vil ha samtalar med Ørsta og Volda.

Det melder NRK Møre og Romsdal. Dermed håper Tryggestad å kunne byggje ein større kommune, etter at nye Fjord med Norddal og Stordal har valt å halde Stranda utanfor ein større kommune på indre Sunnmøre. Etter handsaming i kommunestyret i Stranda, ønsker Stranda kommune førebels ikkje å gå i samtalar med Sykkylven. Kommunar som har valt å stå åleine, tapar millionar i statlege midlar.

Er interessant

Tryggestad seier til NRK at å sjå til Ørsta og Volda kan vere interessant. Han legg til at samtalar med Ørsta/Volda ikkje tyder at det i framtida ikkje kan vere aktult å innleie nye samtalar med Sykkylven. Som kjent har Hornindal valt å slå seg saman med Volda.

Grensejusteringar

Då Tryggestad avviste nye samtalar med Sykkylven i kommunestyret i november, var argumentet at ein måtte vente på resultatet av grensejusteringane for Liabygda, før ein gjekk i samtalar med Sykkylven. Dette resultatet vil vere klart før påske. Liabygda har sagt at ein ikkje ønsker å bli regulert inn i nye Fjord kommune utan at Stranda blir med.

Må vente

Skal ein ta ordføraren på alvor, vil det uansett ikkje vere aktuelt å innleie samtaler med Ørsta og Volda før etter at grensejusteringane i Liabyda er klare.

Saka stod først på trykk hos Sunnmøringen