NVE (Norges vassdrags- og energidirektorat) skriv i sitt avslag at dei meiner utbygging vil vere i strid med Vassresurslova sine reglar om kraftutbygging i verna vassdrag. Vidare vert det sagt at særleg inngrepa og vassføringsreduksjonen i inntaksområdet vil redusere verdiane for turisme og friluftsliv, som er ein del av vernegrunnlaget for Oldenvassdraget. NVE meiner også m.a. at terrenginngrepa langs røyrtraseen vil vere negative for landskapet i området.

– Avslaget var vel ikkje overraskande, etter at fylkesmannen tilrådde avslag, seier Inge Melkevoll, ein av initiativtakarane bak Melkevoll Elvekraft SUS.

– Kva no? Vil de arbeide vidare med planane og anke avslaget?

– Økonomien i slike prosjekt har blitt dårlegare i løpet av dei fem åra som har gått sidan søknaden vart levert. Mest truleg vert det ikkje anke, seier Inge Melkevoll.