Dei har ein jobb som har måtte tole mykje kritikk - særleg i sosiale media. Men dei veit også at dei utgjer ein viktig skilnad for nokre av dei mest sårbare i samfunnet vårt.

Vi møter barnevernsleiar Rita Stølen Veamyhr og medarbeidar Dagmund Evebø på kontoret. Dei har nok å gjere men tek seg tid til ein lenger samtale med lokalavisa når vi oppfordrar om å gi eit innsyn i arbeidskvardagen. Særleg siste par åra har det storma rundt barnevernet, nasjonalt og lokalt. – Vi har tenkt på det sjølve, at det kunne vere fint å formidle korleis vi jobbar. Vi tek alltid barneperspektivet, seier dei.

– Vi må vere tydelege

Veamyhr og Evebø fortel at det meste av deira arbeid handlar om å jobbe med såkalla frivillige hjelpetiltak. Dette er tiltak som kjem i stand etter at ei bekymring rundt eit barn er meldt inn. Meldinga kjem typisk frå skulen eller barnehagen - eller frå foreldra sjølve.

– Saker der foreldra sjølve tek kontakt med oss skjer oftare enn ein skulle tru, seier Evebø. Det kan vere snakk om mindre og litt større utfordringar hos barnet og/eller i heimen.

– For oss er det viktig at vi er tydelege på utfordingane vi ser. Men det kan vere skræmande for ein del at vi er så tydelege, seier Evebø.

– Ein kan kjenne på det sjølv korleis det er når nokon byrjar pirke på deg eller ungane dine, at noko ikkje er greitt. Andre har kanskje pakka det inn medan her må dei høyre det og lese det svart på kvitt, seier Veamyhr.

– Visst vi skal seie noko vanskeleg på ein skånsam måte vil vi ofte pakke det inn så mykje at dei ikkje skjønar bodskapen. Vi må vere direkte og bruke få ord, seier Evebø.

Korleis foreldre taklar å få kommunisert i reine ord utfordringane dei har, er ulikt.

– Det er både og. Det som kjenneteiknar mange er at dei føler det er andre sin feil at dei er hamna der dei er, og at det nødvendigvis ikkje er noko dei skal gjere annleis. Nokre ser utfordringane etter kvart, andre kjem aldri dit, seier Veamyhr.

Mange former for hjelp

Når utfordringane er kommunisert er det viktig å presentere planar for tiltak. Her er ulike verktøy alt etter kva utfordringar det er snakk om. Besøksheim ei helg i månaden er meir som ei avlastning for foreldra. Støttekontakt likeeins, men dette også for at ungane skal få delta på aktivitetar. Heimebaserte tiltak er noko av det mest brukte – og effektive.

– Det vi ser er mest nødvendig, og som er mest etterspurt, handlar om kommunikasjon og grensesetting. Det er det folk strevar mest med. Der har vi damene våre i interkommunalt heimebasert hjelpetiltak, som er ei ordning vi deler med Gloppen kommune. Dei er systematisk over tid inne i heimane. Dei rettleier i korleis rise og rose ungane, involvering, korleis vi pratar og gir beskjedar. Dei har ein haug med metodikkar som dei nyttar, fortel Veamyhr.

Ved råd og rettleiingsvedtak samarbeider barnevernet med familiekontoret. Det kan vere i konfliktar etter skilsmisse. Vidare har ein miljøarbeidarar som går inn og hjelper folk med struktur og hygiene i heimane, og i nokre høve tek ein i bruk økonomiske hjelpetiltak til fritidsaktivitetar og SFO.

Viktige samarbeidspartar når det gjeld å avdekke behov for hjelp, men også å finne gode tiltak og følgje dette opp, er skulane og barnehagane.

– Det er dei som ser ungane mest, rett og slett. Dei følgjer utviklinga og kan avdekke omsorgssvikt. Dei kan også med sin kompetanse hjelpe oss til å velje rett tiltak, ut frå korleis dei vurderer ungen, og sjå korleis tiltaka vi set inn fungerer. Foreldra kan seie at no går alt betre, men det er ungane vi ser det på, seier Veamyhr.