Eigarane av Pretre AS har inngått avtale om å selje alle aksjane i selskapet til Mestergruppen AS. Det opplyser selskapa i ei felles pressemelding.

Pretre med hovudkontor i Stryn og fire fabrikkar i Norge, er Norges største produsent av prefabrikerte trekonstruksjonar. Hovudprodukta er takstolar, bjelkelag og precut.

Salet av selskapet er betinga av godkjenning frå styresmaktene. Dersom dette går i orden, er planen å gjennomføre salet i løpet av februar.

- Vi er svært fornøgde med å fåMestergruppen inn som ny eigar av Pretre. Mestergruppen sin sterkeposisjon i marknaden, deira investeringsevne og langsiktigheit gir Pretremuligheit til å satse vidare på strategien om å tilby marknadens beste industrialiserte løysingar for trehusbebyggelsen i Norge,sier Geir Vegsund, styreleier i Pretre i pressemeldinga.

Konsernsjef iMestergruppen, Mikkel Sandvik, understrekar at Pretre vil halde fram som eit sjølvstendig selskap med noverande leiibng og og administrasjon.

- Pretre har gjennom mange år vore ein viktig kvalitetsleverandørtil Mestergruppen, og vi er Pretre sin desidert største kunde. Nåreigarane no ønskjer å selje, var det naturleg for Mestergruppen å treinn som ny eigar. Det er viktig for oss å understreke at eigarskiftet ikkje vil påverke strategien til Pretre, som harvore svært vellukka gjennom mange år. Pretre vil halde fram som eit selvstendig selskap med noverande leiing og administrasjon. Med andre ord - «business as usual», seier Sandvik i pressemeldinga.

Pretre vart etablert i 1976 og har i dag ca. 120 tilsette. Selskapet leverer produkter over heile Norge frå sine fire fabrikkar og hadde i 2017 ein omsetjing på nærare 300 MNOK.

Mestergruppen AS er eit av dei leiande byggekonserna i Norge med eiomsetjing på ca. 8,0 milliardar kroner. Konsernet opererre i alle landsdelar og eig byggjevarekjedene Byggeriet,Byggtorget og XL-BYGG med til saman 220 byggevareutsalg landetrundt, samt huskjedene Mesterhus, Systemhus og Blink Hus med over280 medlemsbedrifter. Vidare er konsernet ei av dei leiande hytteprodusentar i landet med kjente merkevarer som Saltdalshytta ogRøroshytta i porteføljen. I tillegg driv konsernet medeigedomsutvikling gjennom Mestergruppen Eiendom og tilbyr arkitekt-og rådgivningstenester gjennom selskapa Unikus, Blink HusArkitekter og Klepp Prosjektering. Selskapet sin største eigar er Ferd,eit familieeigd investeringsselskap som er eigd av Johan H. Andresenog hans familie.