Det vart ein pangstart for Anders Fannemel med eit hopp på heile 130 meter under første omgang i det fjerde og siste rennet i hoppuka i austerrikske Bischofshofen laurdag.

- Eg får trykket direkte over skia, så då fekk eg nesten flydd litt. Eg har ikkje tenkt å finne opp kruttet i den andre omgangen, eg skal heller forsøke å kose meg litt, sa Fannemel til NRK etter første omgang.

Før finaleomgangen låg Fannemel på 4. plass med potensial til å nå pallplassering både under laurdagens renn og samanlagt i hoppuka. Nettopp det gjorde Anders i det som vart ein svært spennande 2. omgang;

Fannemel hoppa heile 139 meter og inn på ein imponerande 2. plass i rennet. Det sikra Anders ein 3. plass samanlagt i hoppuka.

– Det var ein nydeleg dag å hoppe på ski, alt funka. Eg prøvde berre å nyte følelsen, sa Fannemel til NRK.

Aldri har Norge levert ein så bra laginnsats i hoppuka.

– Heilt fantastisk. Det var veldig bra av Fannemel å hoppe så godt i andre omgang slik at han tok seg forbi Junshiro Kobayashi i samandraget med 0,2 poeng. Vi får fire mann blant topp ti samanlagt. Det er kjempebra, sa landslagssjef Alexander Stöckl til statskanalen.

Polske Kamil Stoch vann rennet og gjorde den historiske prestasjonen med å vinne samtlege renn i hoppuka.

Samanlagt vann altså Stoch hoppuka med 1108,8 poeng foran tyske Andreas Wellinger med 1039,2 poeng og Fannemel på tredje med 1021,3 poeng.

Fjerdeplassen tok japanske Junshiro Kobayashi. Lagkamerat Robert Johansson kom på 5. plass samanlagt. Han hadde omgangens lengste hopp i finaleomgangen på 140 meter og gjorde det han sjølv meiner er sitt beste hopp nokon sinne.

Les meir om Fannemel sin formidable prestasjon under hoppveka i tysdagsavisa