UP skreiv ut i alt 11 forenkla førelegg under ein kontroll i 60-sona på E39 ved Hornindal skule tysdag. Tre gebyr vart skrive ut for bruk av mobiltelefon under køyring. I tillegg vart åtte førarar stoppa for å ha brote fartsgrensa. Høgste målte fart var 76 m/t.