Fredag morgon kom den endelege avgjerda i følgjetongen om grensejustering mellom Stryn og Hornindal.

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane tilrådde for kort tid sidan at ny grense bør gå ved Kjøsahammaren, men i dag kom altså meldinga frå departementet at dei har bestemt at det kun er grenda Maurset som skal til Stryn kommune. Det bur i dag 19 personar i området som vert overført til Stryn.

- Departementet har gjort ei heilskapleg vurdering og meiner løysinga med ei grensejustering berre for Maurset vil gi ei betre grense enn i dag. Denne løysinga vil også fungere som kommune- og fylkesgrense, samstundes som den tek omsyn til ønskjet til fleirtalet av innbygggjarane i dei ulike delane av Kjøs krins, seier Kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner.

Den nye grensa skal gjelde frå 1. januar 2019.