Statens vegvesen gjennomførte to tungtransportkontrollar ved Kjøs bru torsdag.

I den eine kontrollen fekk to førarar bruksforbod på grunn av sikthindringar ifrontruta, og eitt køyretøy fekk bruksforbod på grunn av luftlekkasjei bremsesystemet. Av omsyn til trafikktryggleiken måttebruksforboda rettast før dei fekk køyre vidare. Ein sjåfør fekkvidare ei åtvaring for mindre brot på bestemmelsane om køyre ogkviletid.

I den andre kontrollen fekk tre førarar skrifteleg advarsel for mindre brot på køyre- og kviletida. Einsjåfør vart meld for brot på køyre- og kviletida for å køyre utanat fartskrivarkortet var sett i fartskrivaren. Ein sjåfør fekkbruksforbod og gebyr for å ha dekk med for lite mønster. Sjåførenfekk køyre til verkstad i Stryn for å skifte dekk før han kunnefortsette transportoppdraget. To sjåførar måtte også rydde i frontruta sifør dei fekk køyre vidare.

I alt vart 36 køyretøy kontrollerte.