(Sunnmørsposten) Statens vegvesen og Vegdirektoratet har tilrådd ein 16,6 kilometer lang tunnel frå Skåre i Stryn til Breidalen på Strynefjellet, som erstatning for dei smale tunnelane på dagens bratte riksveg 15.

Transport- og kommunikasjonskomiteen på Stortinget har også trekt fram dette alternativet (B1), og med ei mogleg fylkesvegarm til Geiranger, som beste løysing.

Første rapport i den eksterne kvalitetssikringa (KS1) er no ferdig. Kostnaden med ny tunnel, rundt 3,8 milliardar kroner, er alt for høg i eit samfunnsøkonomisk perspektiv, meiner Møreforsking Molde og Metier.

Dei anbefaler i staden å utvide dagens tunnelar – til 4,5 meter høgde og 7,5 meter breidde. Kostnaden er berekna til rundt 600 millionar kroner. Dei anbefaler heller ikkje rasoverbygg i Grasdalen fordi dei meiner vegen er sjeldan stengt om vinteren. Ein sidearm til Geiranger har dei ikkje vurdert fordi dette er eit fylkeskommunalt prosjekt.

– For lite trafikk

Den eksterne kvalitetssikringa går altså nesten tilbake til start. Dei meiner det er altfor lite trafikk over Strynefjellet til at det svarer seg å bygge ny tunnel.

– Det er ikkje merkeleg at det er lite trafikk når vogntog har problem med å møtast, og transportørar lett øydelegg skapa på bilane, svarer Svein Sunde i Gode Vegar AS.

Frå regjeringshald er det også sagt at Strynefjellsvegen er viktig. Då regjeringa valde indre E39-linje, var det også fordi dei ser Strynefjellet som ein viktig aust-vest-trasé.

– Bestillinga var noko anna

Svein Sunde i Gode Vegar AS meiner rapporten ikkje svarer på det regjeringa bad om:

– Bestillinga frå regjeringa og i siste runde frå samferdsleminister Solvik-Olsen var: Det skal leggast fram løysing for eit konsept som gjer denne viktige transportkorridoren rassikker, næringsvennleg og framkomeleg heile året. Oppdraget var også å fjerne stigninga mellom Skåre og Ospelitunnelen, som er på opptil 11 prosent, og unngå trekkruta for villrein. Og Vegvesenet skriv at B1 er det billegaste alternativet som oppfyller alle desse krava, seier Sunde.

Fryktar ny «Haukeli-fiasko»

På bakgrunn av dette meiner Sunde at den ferske rapporten frå Metier og Møreforsking Molde er underleg lesing.

– Det er underleg å registrere at strossing av eksisterande tunnelar er venta å koste langt mindre enn det som var berekna i 2012. KS1-rapporten tilrår ein ny Haukeli-repetisjon, og det skal vere rimeleg kjent kor mislykka det prosjektet vart, både når det gjeld kostnadssprekken og som eit framtidsretta prosjekt. Der må det no byggast heilt nytt, held Sunde fram.

– Eg får inntrykk av at denne KS1-rapporten vitnar meir om politisk påverknad for ei ubrukeleg løysing for denne landsdelen, enn som kvalitetssikring av å svare ut kva skal til for at riksveg 15 skal verte rassikker, miljøvennleg og framkomeleg, meiner Sunde.

Fire år

Ei utviding av tunnelane vil ta fire år. Det blir mykje plunder og heft kvelds- og nattetid for trafikantane.

– Det vil medføre svært mykje stenging og plunder i fire år, i ei tid på døgnet der næringstransporten, og også nattbussen, treng ope samband, seier Sunde.

Denne saka vart først publisert på Sunnmørsposten si nettside

Kritisk: Svein Sunde i Gode vegar AS er sterkt kritisk til konklusjonane i rapporten frå Møreforsking Molde og Metier. Foto: Harald Vartdal