Anders Fannemel er ikkje blant dei fire norske som får hoppe kvalifisering til det individuelle VM-rennet i skiflyging. Det er klart etter at honndølen berre nådde 183,5 meter i sitt treningshopp i ettermiddag.

Seks norske hopparar stilte i den eine treningsomgangen som vart gjennomført i Oberstdorf. Andre omgang vart avlyst på grunn av verforholda.

Berre Halvor Egner Granerud hoppa svakare enn Fannemel, medan Robert Johansson (211,5 m), Daniel Andre Tande (223,5 m), Andreas Stjernen (206,5 m) og Johann Andre Forfang (203,5 m) alle strekte seg lenger enn Fannemel.

Dermed får vi ikkje sjå Fannemel i det individuelle rennet som går over to dagar. Lagkonkurransen søndag er også i det blå for 26-åringen sin del.

Anders Fannemel var med på laget som tok gull i lagkonkurransen i førre skiflygings-VM.