– Stiftinga Innvik Næringsutvikling vart oppretta då Langvin skifta eigar, og no opnar vi opp for at folk skal kunne søkje på desse midlane, seier styreleiar Gitle Sande. Med seg i styret har han Ørjan Skåden og Anton Skogstad.

Utvikling og nyskaping

– Stiftinga har som føremål å forvalte verdiane i stiftinga på ein slik måte at midlane kan brukast til å fremje utvikling og nyskaping i 6793 Innvik, går det fram av stiftingsvedtektene.

Stiftinga er etablert av fylkeskommunen og Stryn kommune, og det er ikkje slik at ein god søkjar kan rekne med 1,9 millionar, og så er det heile over.

– Midlane er i røynda ei gåve til denne bygda, og det vi har i tankane er at det må skapast nye arbeidsplassar i staden for dei som vart borte med Langvin, seier dei tre.

Inntil 150.000 i året

Dei legg opp til at den årlege utdelinga skal avgrensast til 150.000 kroner. Innan for denne ramma kan det vere fleire søkjarar og fleire som får midlar.

– Vi kan nok fråvike dette årlege taket dersom det er spesielt gode prosjekt, men utgangspunktet er 150.000 kroner, seier Sande som alt har fått signal frå interesserte søkjarar. Styret er tydelege på at det skal vere prosjekt av allmenn interesse for bygda.

– Vi vil ikkje gå inn for å finansiere drift. Det må vere nyskapande tiltak. Tanken er at det skal vere ei lita vitaminsprøyte, og at midlane skal utløyse andre midlar. Vi skal ikkje stå for fullfinansiering av eit prosjekt.

Eigeninnsats kan vere ein del av finansieringa av eit prosjekt, og dei har talfesta eigeninnsats i eit prosjekt til 175 kroner timen.

– Måtte ha alt på plass først

Dersom nokon stiller spørsmål ved kvifor dette har teke så lang tid etter salet av Langvin, har det ei grei forklaring. Vi ynskte ei skikkelet avklaring med den nye eigaren, og det har vi fått. No er alt på plass, og vi vonar på gode søknader, seier Sande.

I tråd med reglane for stifting er det utarbeidd grundige vedtekter. Det er dagleg leiar som har ansvaret, og kjem det spørsmål om vedtektsendringar er det ei sak for fylkesutvalet og Stryn formannskap.