Søstrene Ingunn og Malin Bergset på Fjelli er mellom mange som gler seg over at det kjem fiber til bygda. – No slepp vi diskusjonar om kven som skal få bruke nettet, smiler dei.

Innan 1. november skal abonnentar frå Sætren i aust til Hopland i vest, samt heile Markane, få tilgang til fiber. Eit etterlengta tilbod for mange.

– Ja, det har no blitt litt diskusjonar om kven som har «rett» til å bruke nettet når det har gått treigt, smiler Malin.

– Skal ein streame noko så må dei andre logge seg av. Då kjem det an på kven som har best grunn, seier 17-åringen, og ser bort på veslesøster Ingunn (14). Dei satsar på at tida med krangel om nettet er forbi.

- Ungane truar med å flytte

Også næringsdrivande på Nordsida ser fram mot eit meir stabilt og raskare nett.

– Det er på tide, seier Knut Sigurd Gald. Han jobbar for Vest Landbrukstenester med kontor i Nordsida Næringsstove på Ulvedal.

– No går det seint og eg blir stadig kasta ut av systemet. Vi har ein server i Hardanger som eg er avhengig av å ha kontakt med, seier Gald. Han er busett på Sætren og ser fram til at det også der blir betre forhold.

– Eg kan sitje åleine på nettet heime, men likevel oppleve at eg ikkje får lasta inn sider.

Ivar Bergset, også han med kontor i næringsstova, gler seg over utbygginga.

– Ungane truar med å flytte kvar gong nettet er nede, ler han. På same måte som for Gald har også han utfordringar i arbeidskvardagen slik det er no. Med eit hovudkontor i Stavanger er han blant anna avhengig av videomøter.

– Då må eg ofte kutte ut bildet eller ta lyden via mobil, for nettet handterer ikkje begge deler, fortel Bergset.

På andre sida av fjellet er gleda like stor. Endre Håberg i Markane peikar på dei mange tilboda ein har vore avskorne frå, grunna dårleg linjekapasitet, og at dette er slikt som spelar inn på bulysta i bygdene.

– Skal ein få ungdom til å bli, eller flytte heim etter utdanning, må gode kommunikasjonar vere på plass. Likeeins er dette eit «must» for å behalde og etablere næringsverksemd, seier Håberg.

Startar opp i månadsskiftet

Utbyggingsprosjektet på Nordsida og i Markane omfattar i overkant 300 abonnentar og har eit budsjett på ca 9,6 millionar. Omlag 3,8 millionar er statlege breibandmidlar, ca 0,3 million er frå fylkeskommunen, 1,8 millionar er tilskot frå Stryn kommune og ca 3,8 millionar er bidrag frå Stryn Energi som er utbyggar i prosjektet. Enivest er med som Stryn Energi sin underleverandør av innhaldstenestene.

– Vi leiger ut linjene til Enivest som kan tilby ulike pakkar med internett og TV, forklarar Jan Træen ved Stryn Energi. Han fortel at dei går i gang med arbeidet om ca to veker og skal vere ferdig innan 1. november.

Dei har knytt til seg to underleverandørar, som i tillegg til to eigne montørar, skal stå for utbygginga. I stor grad vil dei nytte seg av eksisterande stolperekker. Nokre stader må dei gå via bakken. Fiber siste del inn til huset må abonnentane sjølve sørge for dersom dei ikkje har straum via luft i dag.

E-verkssjefen trur dette er ei kjærkoma utbygging.

– Mi oppfatning er at det i dag er nesten viktigare med breiband enn straum, seier han.

– Ikkje frå scratch

Enivest er godt i gang med sitt innsalg til potensielle abonnentar. Oppslutnaden er viktig for dimensjoneringa av fiberutbygginga, økonomien til Stryn Energi og Enivest og dessutan som referanse til framtidige prosjekt.

– Når vi skal sende nye søknader er det greitt å kunne vise til at det er mange potensielle abonnentar som teiknar seg. Det viser at dette er etterspurt. Men vi har hatt veldig god dekning på dei fleste prosjekta våre så langt, seier økonomi- og IT-sjef i Stryn, Johnny Hove.

Det er heller ikkje slik at denne utbygginga byrjar heilt på scratch. Kommunen har tidlegare sørga for fiber til skulane på Nordsida, no blir det å få dette ut til alle heimane.

– Du kan seie stamvegen ligg der frå før, seier Hove.

Ivar Bergset ser fram til betre kapasitet på nettet. Han jobbar mykje både heimanfrå og frå kontoret på Næringsstova på Ulvedal. Foto: Roy Aron Myklebust
Knut Sigurd Gald, Vest Landbrukstenester, har venta utålmodig på fiberløysinga. Foto: Roy Aron Myklebust