Nyleg kom det for dagen ein sølvpokal merka Sogn og FjordaneSkikrets, men ingen veit kven som er eigaren.

- Eg vart kontakta av Nordea i Stryn. Dei hadde funne ein stor sølvpokalog to mindre pokalar i sølv, men dei veit ikkje kven som er eigar.Det er ein stor sølvpokal frå Tiedemanns tobakksfabrikk. Det erinngravert Sogn og Fjordane Skikrets, fortel Inge Fænn, tidlegare leiar i skikrinsen.

Fænn kunne ikkje sjølv gi eit godt svar på "pokalmysteriet", og heller ikkje då han kontakta Norges Skiforbund kom han noko nærare eigaren av pokalen.

- Det eg kan seie erat dette må vere ein pokal frå før krigen. Sogn og FjordaneSkikrets som det heitte den gongen vart skipa i 1923 og oppløyst i1937. Frå 1937 til 1989 var det Sogn Skikrets og Fjordane Skikrins,seier Fænn.

Han har leita på nett og funne Tidemanns Vandrepokal.Dei står på Norsk Folkemuseum.

- All den stund det er skikretsen mådet vere ein pokal oppsett for alpint, hopp, langrenn ellerkombinert, seier Fænn, som håpar at det er nokon som kjenner tilpokalen og oppmodar desse om å ta kontakt.

- Sidan der også er to små pokalar har eigaren trulegvunne den tre gonger.