Fylkesmannen i Sogn og Fjordane si saksutgreiing og tilråding i saka om grensejustering mellom Stryn og Hornindal var etter mitt syn prega av Stryn og Sogn og Fjordane sine interesser. Det var derfor svært viktig at Hornindal kommune ved ordføraren kom med eit grundig og sakleg tilsvar på denne saksutgreiinga før departementet tok endeleg avgjerd. Sjølv om skrivet til ordføraren på ein svært god måte fekk fram synet til Hornindal kommune var det likevel nokre spennande dagar både for Honndøler flest og det store fleirtalet av innbyggarane i Kjøs. Departementet la vekt på kva fleirtalet av innbyggjarane både på Maurset og i Kjøs meinte. 92 % av innbyggarane på Maurset ville til Stryn, 62 % av innbyggjarane i Kjøs ville halde fram med å vere i Hornindal og 81 % av alle under 40 år i heile området ville høyre til Hornindal. Det er klar tale.

Også reisetida var eit viktig moment. Det er om lag tre gangar så lang avstand til Stryn som til Grodås frå Kjøs bru. Det gjer at det vanskeleg kan bli meir effektive kommunale tenester for innbyggjarane i Kjøs ved å bli overført til Stryn slik som fylkesmannen hevda i si tilråding. Dette la også departementet vekt på i sitt vedtak.

I ettertid har det kome svært sterke reaksjonar frå ordføraren i Stryn på avgjerda. Det er merkeleg at han ikkje forstår at det å gjere krav på areal frå ei nabokommune i mot kommunen sin vilje og ikkje minst i mot eit stort fleirtal av innbyggjarane si vilje vil bli dårleg motteke. Er eit innbyggjarinitiativ frå nokon som er i klart mindretal i Kjøs viktigare å ta omsyn til enn fleirtalet i Kjøs? Han har også i mange samanhengar trekt fram at vi skal ha respekt for initiativtakarane, men kva med fleirtalet i Kjøs, skal ein ikkje ha respekt for dei? Ordføraren i Stryn bør ha større respekt for det som har kome fram gjennom omfattande demokratiske prosessar uansett om han er einig eller ikkje, og tillit eller mangel på tillit går begge vegar.

Arbeidet med kommunereforma i Hornindal har vore svært grundig. Ikkje minst var det viktig at ein hadde to gode alternativ når ein skulle ta eit retningsval. Sjølv om det kanskje var overraskande for nokon at eit stort fleirtal i Hornindal kommunestyre valde å orientere seg nordover mot Volda, ser vi no gjennom det arbeidet fellesnemnda for nye Volda gjer at dette var eit framtidsretta retningsval. Hornindal har alltid hatt sterke band mot Sunnmøre. Det aller meste av industrien og arbeidsplassane i Hornindal har utspring på Sunnmøre. Handelen gjekk over Kviven frå gamalt av og etter at Kvivsvegen kom har dette sjølvsagt berre forsterka seg. Det at Grodås vil få ein viktig funksjon som framtidig tenestestad for indre del av nye Volda kommune har styrka meg i trua på at ein vil trygge og styrke dei kommunale tenestene i Hornindal. I den samanheng er det også viktig å ikkje miste innbyggjarar og areal.

Stryn kommune sin handlemåte i grensejusteringssaka har dessverre vekt til live gamle negative minner hos mange Honndøler. Sidan skilsmissa i 1977 har Hornindal og Stryn gradvis utvikla eit godt samarbeid. No har dette samarbeidet fått eit alvorleg skot for baugen, og det er Stryn kommune som har hovudansvaret for det. Forsøket på å forsyne seg av areal og innbyggjarar frå ei nabokommune mot fleirtalet av innbyggjarane og nabokommunen si vilje er ikkje godt naboskap.

Korleis ein skal kome vidare som gode nabokommunar vil det i første rekke vere opp til Stryn å avgjere. Ordføraren i Hornindal si oppgåve har vore å ta vare på kommunen sine interesser i ei skjebnetid for kommunen, og det har han etter mitt syn gjort på ein svært god måte. Hornindal kommune har gjennom arbeidet med kommunereforma sett seg i ein posisjon der ein kan sjå i alle retningar etter nye samarbeidspartnarar. Sjølv om det har kome sterke uttaler frå begge partar må ein kome tilbake til ein konstruktiv dialog og godt naboskap mellom kommunane så snart som råd. Det vil alle tene på i framtida.

Bjørn Lødemel