Fjordingen for 10 år sidan:

Markane-trioen Johan Eirik Meland, Jarle Gjørven og Johannes Thingnes Bø gjekk inn til suveren siger i den store rekruttklassen i KM i skiskyting.

– Vi går for ein plass på pallen, sa Johan Eirik Meland før han la ut på startetappen. Med individuelt KM-gull frå dagen før, var han innstilt på å gje lagkameratane eit best mogeleg utgangspunkt.

Litt kluss på standplass gjorde at Markane veksla som nummer tre, bak Førde 1 og Stårheim 2. Jarle Midthjell Gjørven brukte berre to ekstraskot for å få ned alle blinkane. Dermed kunne han gje Johannes Thingnes Bø skulderklappet 45 sekund før Stårheim 1 sin ankermann, Espen Flo Bødal. Sistnemnde kutta ned forspranget med 10 sekund før andre skyting. Men der gjorde Johannes kort prosess. Med rask skyting og berre eitt ekstraskot kunne han paradere i mål tiljubla av lagkameratane.