Elvis lever:

Møt "Camping-Elvis"

- Det viktigaste er å lage show, fastslår "Camping-Elvis" frå Hornindal

Møt "Camping-Elvis"

Eg er ikkje akkurat ein beskjeden kar.

Nyhende

Fjordingen møter honndølen Rolf Kobberstad (61) på Josybuda på Kalvatn i Volda. Over storskjermen på veggen figurerer Elvis Presley som har vore ein av dei store musikalske inspirasjonskjeldene for Rolf.

Han begynte tidleg som bassist i det lokale bandet «Virus». Året var 1972.

Sivil Rolf Kobberstad er både drivar av Grodås Camping, kokk og dirigent.   Foto: Roger Oldeide

– Vi spelte coverlåter av alt frå Beatles til Elvis rundt om på lokale scener. Det var vel den tida eg vart fan, fortel Rolf.

Sjølv har han vore musikklærar for kulturskulen i mange år og for nokre år sidan fekk han tildelt kulturprisen i Hornindal kommune. For tida dirigerer han for Austefjorden Hornmusikk.

– Eg har og vore dirigent for kor og korps i Hornindal og sjølv vore med i songkor i mange år. Musikken har alltid vore med meg, fortel Kobberstad som av yrke er utdanna kokk.

«Camping Elvis»

Kobberstad er og eigar av Grodås Camping og det har han vore sidan 1988. Men mange kjenner likevel 61-åringen best som «Camping Elvis.»

– Korleis kom denne karakteren til verda?

Høgt og lågt Her er "Camping-Elvis" på Toko bar i Ravda i Bulgaria.   Foto: Harald Vartdal

– Han kom til live ved campingplassen min for mange år sidan. Eg ville underhalde litt for folket der, så fekk eg tak i ei slik Elvis-drakt. Dette syntest folk var kjempegøy, så då vart det fleire slike framføringar. Slik balla det i grunn på seg, fortel Kobberstad.

– Går inn i ei rolle

– Når det gjeld Camping Elvis så er mest på gøy, fastslår Rolf.

Drivkrafta er at folk set pris på det han gjer. Det viktigaste er å ikkje ta seg sjølv så høgtideleg, forklarar han.

– Eg er ikkje akkurat ein beskjeden kar. Eg hoppar gjerne opp på borda, skrattar Rolf. Han fortel at det skjer noko når han tar på seg den kvite drakta.

– Eg går inn i ei rolle der alt er lov og det viktigaste er å lage show, konkluderer Kobberstad.

– Det er plass til Elvis i 2018?

– Så absolutt. Det er plass til Elvis i 2118 og, seier Rolf.