Nattbussen kan stå i fare viss den utskjelte KS1 - rapporten frå Møreforsking Molde og Metier skal bli gjeldande.

– Vi køyrer til faste tider, men skal ein ta til med omfattande strosse av dei gamle tunnelane så betyr det gjerne stenging om natta. Det vil i såfall bety kroken på døra for eit tilbod vi har bygd opp sidan slutten av 80-talet, fortel Vik.

Konsekvensrapporten anbefaler altså utviding av dagens tunnelar. Eit arbeid som er berekna å ta fire år. - Om vi må legge ned nattbussen i fire år, så er det ikkje berre å starte opp att tilbodet på nytt, meinar Vik som er uroa for at rassikring ikkje er tilrådd i rapporten.

– Vi har seks passeringar over Strynefjellet kvar natt, så dette er viktig tilbod både for oss og kundane våre. Berre i jula hadde vi 31 bussar som måtte køyre om Åndalsnes grunna skred på Strynefjellet. Det betyr store ekstra kostnadar for oss når vi må køyre rundt og det gir eit dårleg tilbod til kundane, fortel Vik.

KS1 - rapporten står i kontrast til både Statens vegvesen og Vegdirektoratet som har tilrådd ein 16,6 kilometer lang trefelts-tunnel frå Skåre i Stryn til Breidalen på Strynefjellet som vil erstatte dei smale tunnelane på dagens veg over Strynefjellet.

Transport- og kommunikasjonskomiteen på Stortinget har alt trekt fram alternativ B1 med fylkesvegarm til Geiranger som beste løysing.