Ein ny beredskapsavtale for prestar er på plass. Framleis skal prestar overlevere dødsbodskap, men det blir gjort endringar i beredskapen til prestane.

Avtalen, som gjeld frå 4. juni i år regulerer beredskap og utrykking knytt til dødsbod på vegner av politiet, og tenester som ikkje kan utsettast.

Beredskap er tatt ut av arbeidstida til prestane. Det som før ville gitt mykje avspaseringstid for prestar, vil no bli frigjort til presteteneste i eit omfang på mellom 30 og 50 presteårsverk. Det erstattar både beredskapsveker og utrykking.

Skal sjå på rutinar

Partane er samde om å sette ned ei arbeidsgruppe som skal gå gjennom utfordringar og rutinar knytt til HMS i samband med å gå med dødsbodskap.

– Avtalen gir ei god og tilfredsstillande løysing på det viktige samfunnsoppdraget det er å gå med dødsbodskap på vegner av politiet, seier HR-sjef Sissel Vartdal i Kyrkjerådet, som har sete på den eine sida av forhandlingsbordet.

Presteforeininga fornøgd

Også leiar i  presteforeninga, Martin Enstad, er tilfreds.

– Presteforeningen er nøgde med at beredskapsordninga får dryge ni millionar kroner. Vi er glade for at det blir ein organisert beredskap med føreseieleg vaktbelastning, seier han.

At store delar av landet no får beredskapsområde som går utover tenestedistriktet til presten, gjer at mange prestar vil ha rett til å reservere seg mot å delta i beredskapsordninga.

– Eg vil oppfordre prestane til å vere solidariske med kvarandre, og ta sin del av denne belastninga, seier leiar i Presteforeningen.

I fjor sommar vedtok landsmøtet i Human-Etisk Forbund at dei meinte politiet burde få ansvaret for å overlevere dødsbodskap til pårørande.

(©NPK)

Bildetekst tab7f99e:

Illustrasjonsfoto: Inger Robøle Kristiansen / NPK