Ved Stryn vidaregåande skule, der Johannes Thingnes Bø gjekk på idrettsfag med skiskyting, var det stor jubel torsdag.

- Utruleg artig! seier Anders Vonheim frå Markane, faglærar på landslinja i skiskyting. – Vi såg løpet på storskjerm på skulen. Eg hadde lite trua då Johannes byrja med bom. Men han han er heilt rå i sporet, og difor vann han i dag!

– Kva betyr dette for landslinja?

– Johannes er ein flott ambassadør for skulen frå før, og når han no er olympisk mester blir det sjølvsagt endå betre!