133 elevar konkurrerte onsdag i til saman 20 ulike fag under fylkesmeisterskapen i yrkesfag. Med høgt nivå og skarp konkurranse får deltakarane mykje skryt.

Tevlingane gjekk av stabelen ved Sogndal vidaregåande skule. Konkurransen vart opna av leiaren for hovudutval for opplæring, før det braka laus med fire timar med tevling i dei ulike yrkesfaga.

Best i kokkefag: Sander Øen Omberg og Johanna Magdeli Utvær Petterson vann konkurransen i kokkefaget. Dei var nyleg også i landsfinalen i TINE Matcup.
Til topps: Mathias Øvreseth og Michal Berg vann konkurransen i datalektronikarfaget.

Desse gjekk til topps som best i sitt fag i fylkesmeisterskapen i yrkesfag 2018:

Automasjon: Ole Kristian Vedvik, Ingar Hjelle, Eid vgs

Helsearbeidarfaget: Johanne Vedvik, Julie Nilsen Sundal, Helene Josefine Beinnes, Birgitte Sørpoll, Måløy vgs

Kokkefag: Sander Øen Omberg, Johanna Magdeli Utvær Petterson, Måløy vgs

Industrimekaniker: Christoffer Sønnervik, Flora vgs

Industriell møbelproduksjon: Audun Henden, Eid vgs

Lette køyretøy: Vilius Janulynas Sogndal vgs

Design vg2: Ingrid Alpen, Eid vgs

Barne og ungdomsarbeidarfaget vg2: Sara Solberg, Roxana Pascu, Yana Voby, Sandra Leirgulen, Flora vgs

Transport og logistikk: Sivert Bruland, Mo og Øyrane vgs

Bilskadde og lakkefaget: Per Martin Lomheim; Mo og Øyrane vgs

Anleggsteknikk: Nikolai Ullebø Skår; Mo og Øyrane vgs

Sveisefag: Olav Andreas Bøthun, Mo og Øyrane vgs

Servitør: Jorunn Fimreite Davidsen og Olav Mjell Hofsvik, Sogndal vgs

Røyrleggjar vg2: Hallvard Ødegård Bjørk, Sogndal vgs

Betong: Jakob Ruud, Sogndal vgs

Salsfaget: Amalie Grindedal, Sara Nygård Olsen, Martine Linde Hauglund, Julie Vindedal, Sogndal vgs

Ventilasjon og blekkslagar: Olav Martin Ås, Sogndal vgs

Dataelektronikarfaget: Michal Berg og Mathias Øvreseth, Eid vgs

Elektrikar vg2: Benjamin Wolff, Høyanger vgs

Tømrar vg2: Jørgen Rønne Solås, Mo og Øyrane vgs