«Det er ingen samanheng mellom vinterferie og større behov for ambulansar», uttalte ambulansesjef i Helse Førde, Stian Sægrov til Fjordingen førre fredag. I same avis uttalte dagansvarleg ved ambulansetenesta i Stryn, Linda Bøe at «vi ser det som uheldig å ikkje ha dagbil i vinterferien».

To temmeleg motstridande meldingar frå to som har ansvar innafor same fagfelt, men på kvar sine nivå. La oss difor håpe at ambulansesjefen slepp å måtte bite i seg uttalen sin. Svaret på det får vi først når veka og dermed vinterferien er over.

Vi synst det er oppsiktsvekkjande av ein ambulansesjef å kome med uttaler som får det til å sjå ut som at stor utfart i alle skisentre og skiløyper ikkje skal medføre auka risiko for skader. All logikk tilseier at dess fleire folk det er ute i skiløypene, dess større er sjansen for beinbrot og andre skader. At Helse Førde har vald vinterferieveka som ei av vekene med redusert ambulanseberedskap i Stryn, må difor vere å gamble med folk sin sikkerheit.

Det er ikkje ein slik ambulanseteneste folk i Nordfjord fortener. Då kirurgisk akuttberedskap i si tid vart lagt ned ved Nordfjord sjukehus, viste Helse Førde blant anna til den gode dekninga av ambulansar i distriktet. No ser det ut til at dette er lagt til side, i Helse Førde sin iver etter å kutte kostnader.

I dagens avis fortel vi ei historie om fødsel langs Kvivsvegen, fordi ambulansen var ute i anna oppdrag då fødselen brått kom i gang. Ambulansetenesta er avgjerande viktig for at folk i Nordfjord skal kunne føle tryggleik. Når både politisk miljø og fagmiljø frå lokale ambulansetilsette til jordmor og helse- og sosialsjef tek kraftig til motmæle mot Helse Førde sine kutt, bør det vere nok til å få styret til å omgjere sparevedtaket. Ingen er tente med at folk skal bli utsette for unødige lidingar og i verste fall det som verre er, for at Helse Førde skal spare inn på den første og ofte avgjerande hjelpeinstansen som ambulansetenesta er.

Bengt Flaten

ansvarleg redaktør