Trenar Alexander Stöckl takkar Anders Fannemel for hans rolle som støttespelar under OL.

Det vart ikkje noko draume-OL for hopparen frå Hornindal, som har måtta finne seg i å sjå dei fire andre på laget hoppe alle tevlingane. Men etter lag-gullet var trenar Alexander Stöckl raskt ute med å rose honndølen.

– Anders har vore ein fantastisk støttespelar for dei andre på laget. Det er ekstremt viktig at femte mann er ein del av laget, og det har Anders verkeleg vore. Og det var han eg høyrde på då eg sette opp laget, sa ein rørt Stöckl til TVNorge rett etter at gullet var i boks.

– Anders meinte eg skulle setje Daniel André Tande i første pulje, og då gjorde eg det. Sjølv hadde eg tenkt å ha Stjernen der. Men eg høyrde på Anders, og det viste seg å vere rett!

Andreas Wellinger frå det tyske laget som tok sølvmedalja, sa då også at det var Daniel André Tande sitt superhopppå 140,5 m i andre omgang som vart «the main point» i tevlinga.

– Det gav så mykje sjølvsikkerheit til dei andre på det laget, så då var det gjort, sa Wellinger.