På treski fullførte Leif Hoggen sitt fjerde løp under treskifestivalen som fylte ti år i år. Sjølv blir Leif 90 i år.

Viktig å delta Leif hadde gli i dei gamle treskia Foto: Roger Oldeide

- Korleis har du holdt deg såpass sprek?

- Det gjeld å bruke kroppen og holde den i gong. Sjølv har eg gått mykje i fjellet, seier Leif som stillte til start saman med både son og dotter.

På festival Leif Hogen flankert av dotter Rannveig Hogen og sonen Svein Roger Hogen. Hogne Kalvatsvik til høgre. Foto: Roger Oldeide

- Han er kjempesprek, og Treskifestivalen er årets høgdepunkt, seier dottera Rannveig Hogen.