I høve skredsikringa av fv 722 mellom Veslebygda og Flo skal det setjast namn på ei ny bru og den nye tunnelen.

Det er planlagt ny bru over Fureelva, og ny tunnel mellom Veslebygda og Flo.

– Noverande bru over Fureelva heiter Furerinden bru. Vi gjer framlegg om at ny bru får namnet «Fureelva bru», skriv Ellen Njøs Slinde og Kurt Skagen ved ressursavdelinga i Statens vegvesen.

Tunnelnamn som er vurdert er «Flostrandatunnelen» og «Flotunnelen».

– «Flotunnelen» er eit kortare og lettare namn. Vårt framlegg er difor at tunnelen får namnet «Flotunnelen», skriv Njøs Slinde og Skagen.