Jostedalsbreen Nasjonalparksenter får setje opp gjerde i strandsona slik at besøkande ikkje tek seg inn til hageanlegget og senterbygninga frå strandsida utan å betale.

Stipulerte tapte billettinntekter ligg på 30-40.000 kroner i 2017.

Eit samrøystes sektorutval for tekniske saker i Stryn kommune gir Nasjonalparksenteret løyve til å setje opp gjerde i strandsona til Oppstrynsvatnet nord for naust på gbnr. 30/7. Sektorutvalet gir også løyve til å forlenge eksisterande gjerde i retning Fosdøla aust for Nasjonalparksenteret.

Sektorutvalet har heller ingen merknader til at Nasjonalparksenteret informerer med skilt på gjerdet om krav til betalt billett ved besøk på senteret.