Førre veke var eg på karrieremessa til Framtidsfylket i Grieghallen. Det var fint og flott, det, sjølv om det sjølvsagt er eit glansbilete som presentert av varaordførarar og bedriftsleiarar om kor fantastisk flott alt er på mine heimlege strender. Det er mykje ein kan seie om det, men det som irriterer meg noko grenselaust og som gjer meg så matt og gjer meg så oppgitt er dette engelskspråklege JÅLERIET som rir Noreg og det norske språket som ei mare. No har det altså fått solid innpass også i det mest nynorske av det nynorske kjerneområdet: Sogn og Fjordane.

Her skal altså næringslivet i fylket lokke oss skuleflinke barn av Trivselsfylket heim igjen, og så har dei så dårleg språkleg sjølvtillit at dei ikkje eingong tør å bruke det beste språket, nemleg nynorsk. Det er jo berre trist.

«Awesome Sogn og Fjordane», seier dei. Kva er gale med «fantastiske»?

«Don’t be a donkey – be a Sogn and Fjording». Altså: Eg forstår ikkje eingong kva dei meiner?!

«Don’t be invisible» Eg forstår det er lettare å stikke seg fram i ein arbeidsmarknad som er liten, men kvifor må ein skrive det på engelsk?

«Don’t get trapped», eller «ikkje bli fanga» som det heiter, speler vel på at slike som meg ikkje skal bli fanga i byen. Men heilt ærleg: Eg er i grunn mest glad for at eg ikkje blei fanga i Sogn og Fjordane, men kom meg ut og såg verda. Så skal eg heller vurdere å reise heim igjen til fantastiske Sogn og Fjordane der eg fekk verdas beste oppvekst, men eg reiser ikkje heim til eit fylke som trur ein må skrive engelsk for å få meg heim.

Det KRYR jo av slike døme. Her i Bergen har alle mediehusa samlokalisert seg i det dei kallar Media City Bergen. Det høyrest ut som eit fotballag frå England. Eg kallar det konsekvent og demonstrativt for Pressetunet i Bergen.

Høgskulen i Oslo og Akershus har blitt OsloMet. Det høyrest ut som eit skittent gatedop. På kva tidspunkt blei språket vårt for dårleg?

Eg forstår at Framtidsfylket brukte eit kommunikasjonsbyrå då dei utarbeidde denne engelskspråklege kampanjen sin. Om det var eg som hadde betalt masse pengar for ein reklamekampanje som misforstod produktet som skal seljast, så til dei grader, hadde eg bedt om å få pengane min tilbake.

Eller: Can we have it back, please? som det internasjonale Framtidsfylket Sogn og Fjordane truleg ville sagt.

Eg såg og snakka med fleire spanande verksemder i Grieghallen førre veke. Det er kjempebra at dei kjem til byane for å profilere alt det interessante dei driv med heime i Sogn og Fjordane. Dei kan jo ikkje bli invisible, liksom.

Sånn. God helg. Eller «HAPPY WEEKEND» frå ein bygdegut i byen.

Peder Lofnes Hauge

Styremedlem i Noregs Mållag