Samtlige ungdomsparti i Norge og Norsk Friluftsliv er sterkt bekymra for utviklinga i den norske økonomien, og kva det kan bety for dei framtidige velferdstenestene for dagens ungdom.

- Må sette på bremsen

Samla helseutgifter i 2016 var på 326 milliarder kroner – ein sum som har auka med over 17 milliarder årleg dei siste åra. Summen vil auke raskare i åra framover grunna ein aldrende befolkning.

Samstundes seier Vista Analyse at det er opptil 80 milliardar kroner å hente i årleg samfunnsøkonomisk gevinst på å auke aktivitetsnivået i befolkninga med ti minutt dagleg.

- Vi fryktar at dagens ungdom kan bli taparane viss vi ikkje set på bremsa og begynner å prioritere førebygging av uhelse, seier generalsekretær i Norsk Friluftsliv, Lasse Heimdal.

- Ikkje bærekraftig

Norsk Friluftsliv er ein paraplyorganisasjon for 16 norske friluftslivsorganisasjoner med rundt 950 000 medlem. Saman med samtlige ungdomsparti oppmodar dei til å skape ein tverrpolitisk semje om å satse på helseførebygging.

- Det er ikkje bærekraftig at helseutgiftene fortset å galoppere, og Unge Høgre er bekymra for konsekvensane det kan få for framtida sine velferdstenester. Difor er det bra om vi klarer å førebygge sjukdom, i steden for å bruke milliardar på reparering, seier Sandra Bruflot, leiar i Unge Høyre.

Fremskrittspartiets Ungdom etterlyser eit målretta førebyggende arbeid.

- Det er eit paradoks at verdas lykkeligaste og rikaste land har verdas sjukaste befolkning. For å få eit bærekraftig velferdssamfunn for komande generasjonar er vi heilt avhengig av eit målretta førebyggjande arbeid, slik at færrest mogleg får livsstilssjukdomar. Det er billigare å førebyggje enn å reparere, seier formann i Fremskrittspartiets Ungdom, Bjørn-Kristian Svendsrud.

Felles opprop

Saman med dei åtte andre politiske ungdomspartia stiller og AUF seg bak kravet om auka satsing på folkehelse og førebygging.

- Vi er heldige som har så mykje natur i Norge som legg til rette for aktive og gode liv, difor må vi eige naturen saman og ta den i bruk meir enn det vi gjer i dag, sier AUF-leiar Mani Hussaini.

Lasse Heimdal i Norsk Friluftsliv håper stortingspolitikarane får med seg semja som rår blant ungdomspartia.

- Dagens stortingspolitikarar bør lære av dei politiske ungdomsleiarane. I staden for å krangle om kven som har best helsepolitikk, så samarbeidar dei for å få eit løft for folkehelsa som kjem alle til gode. Eg håpar regjeringspartia tek i mot signalet.

Norsk Friluftsliv, Unge Høgre, AUF, KrFU, Unge Venstre, Senterungdomen, Framskrittspartiets Ungdom, Raud Ungdom, Sosialistisk Ungdom og Grøn Ungdom kjem med følgande opprop:

«Norges helseutgifter er i kraftig vekst. Helseutgiftene vil, viss vi ikkje gjer noko med det, ta ein stadig større del av felleskapet sine ressursar. Men det er mogleg å redusere kostnadane gjennom systematisk satsing på førebygging. Vi ungdomspolitikarar oppmodar saman med Norsk Friluftsliv til ein tverrpolitisk satsing på førebygging. Det er billigere å førebygge enn å reparere helse. Det vil redusere kostnadar, og gje fleire menneske gode år med livskvalitet, og gi ein tryggleik for at dagens velferdsgoder og vil vere tilgjengelig i framtid for dagens ungdom.»