Årsmøtet i Sogn og Fjordane Senterparti krev gratis pyskisk helsehjelp til ungdom.

Fram til 1. januar var alle under 30 år som søkte psykisk helsehjelp fritekne for eigenandel.

– Nye reglar inneber at alle over 18 år må betale eigenandel for psykiatriske tjenester. Dette kan gjere det langt vanskelegare for unge å søkje hjelp for rusproblem og psykiske lidelsar, skriv årsmøtet i Sogn og Fjordane Sp i ein uttale som m.a. vert send til til helse- og omsorgsministert Bent Høie.

– Menneske som alt er i ein vanskeleg livssituasjon treng ikkje ei ekstra økonomisk belastning som hevar terskelen for å søke hjelp. Årsmøtet i Sogn og Fjordane Senterparti meiner at å innføre denne eigenandelen er ei svekking av tilbodet, og vil oppretthalde eit lågterskeltilbod for å ivareta førebygging og tidleg hjelp, skriv SF Sp.