Etter stort påtrykk vert filmen «Bjarne vil ikke på film» sett opp fleire gongar i Stryn kulturhus og kino.

Det var fullsett sal i Stryn kulturhus då Weronika Nitsch presenterte dokumentarfilmen om naboen Bjarne Sunde premierekvelden, og både filmskapar og den motvillige hovudpersonen sjølv fekk ståande applaus frå eit begeistra publikum.

«Bjarne vil ikke på film» er ein 40 minutt lang film som viser eit nært og spesielt vennskap mellom to personar i ulike aldrar og med heilt ulik bakgrunn. Filmen vekkjer eit stort spekter av kjensler og inviterer til ein god porsjon latter, men også ettertanke.