– Alt som har med helse og tryggleik å gjere engasjerer innbyggjarane våre. Difor ønskjer vi ei orientering om dette, innleia stryneordførar Sven Flo.

– Eg kjem i fred, innleia Sægrov og viste til engasjementet rundt beredskapskutta som har fått kritisk medieomtale i heile Nordfjord.

Oversikt 2018 Lokasjonar og antal veker der Helse Førde fjernar dagbilen i 2018 Foto: Roger Oldeide

Sægrov forklarte at kutt i dagbilen var eit innsparinggrep som og vart gjort i fjor både i Vågsløy og i Luster.

– Kutt av dagbil er nytt i Stryn. Vi tek sjølvkritikk på at vi burde informert om dette på eit tidlegare tidspunkt, sa Sægrov.

Han viste ei rekkje tal og statistikkar som viser at ein stor del av aktiviteten handlar om planlagde oppdrag som pasienttransport.

Interesse Representantar frå ambulansetenesten i Stryn var og tilstades under orienteringa frå Helse Førde i formannskapet. Foto: Roger Oldeide

– Den nasjonale målsettinga er at ein skal kunne nå 90 prosent av befolkninga innan 25 minutt. Vi har ein måloppnåelse på 82 prosent i Sogn og Fjordane, sa Sægrov.

– Enkelte stadar i Stryn når vi ikkje på den tida, men samla sett meiner vi at vi skal takle øyeblikkelige hjelpeoppdrag om lag slik som i dag, sa Sægrov.

Han la til at kommunen si legevaktordning har ansvar for beredskap og viste til akuttforeskrifter frå 2015.

– Samtidigheitskonflikter vil og skje i framtida. Kommunen har ansvar for å organisere legevakta si slik at dei kan vere først på staden viss det trengst, sa Sægrov som oppmoda til samarbeid.

Fleire i formannskapet reagerte på at krav i forskrifta betyr at Stryn kommune i så tilfelle kan vere lovbrytar.

– Det er mange plassar i Stryn ein ikkje når på 25 minutt frå Eid. Då kan ein ikkje ha eit interkommunalt samarbeid med legevakt på Eid som i dag, sa Torstein Tvinnereim (V).

– Vi får aldri rekruttert legar om dei skal vere på vakt i Stryn omtrent 24 timar i døgnet, poengterte Klemet Bø (KrF).

- Altfor ofte er det politi og brannvesen som er først er ute og tek seg av helseoppdrag, poengterte Jan Træen (Ap)

– Det pågår no eit prosjekt i fylket med legevaktordning for distrikta som skal vareta akuttforeskriftene, opplyste helse- og sosialsjef Heidi Vederhus.

Stryneordførar Sven Flo takka for møtet og opplysningane frå helseføretaket, men understreka at det måtte fleire møte til om tematikken.

– Det er viktig at vi tar eit nytt møte der vi må gå meir i detalj om samarbeid på dette, konkluderte Flo.