– Eg gler meg veldig! Å gå på heimebane er alltid spesielt, med familie og vener blant publikum. Målet er heilt klart ein pallplass i løpet av helga, seier Tarjei i ein kommentar til Fjordingen. Også Johannes ser fram til helga i Kollen:

– Holmenkollen er alltid like kjekt, år etter år! Vi håpar alltid på fulle tribunar og norske flagg langs løypa. Eg har gode minner frå VM i 2016 (gull på fellesstart og stafett) og seier på sprinten her i fjor, så eg likar meg godt på «heimebane». Det er enkelt å motivere seg for verdscup når det er i Holmenkollen.

Trass i «stang ut» for Bø-brørne individuelt førre helg i Kontiolahti har landslagstrenar Egil Kristiansen trua på at stryningane kan levere gode resultat i Kollen:

– Ja, det var vel ikkje noko stort førre helg av verken Johannes eller Tarjei, men vi satsar på at det hjelper med heimebane denne helga.

Torsdag gjekk skiskyttarane 10 km sprint. Laurdag går jaktstarten (12,5 km) før Kollenhelga blir avslutta med 4x7,5 km stafett søndag.