Stryn sitt damelag i 3. divisjon handball møter Dale i det som er sesongens siste heimekamp.

Damene er ute etter å revansjere 27–28 tapet for Dale før jul. Ein jamspelt kamp i Fjalerhallen enda med eittmålssiger til heimelaget, eit resultat Stryn hadde all grunn til å vere misfornøgde med.

Minimum femteplass

Førre helg vart serieleiar og allereie opprykksklare Årstad for sterke, og damene ønskjer å avslutte heimesesongen med ein topoengar.

Med to serierundar att ligg Stryn på femteplass på tabellen med 18 poeng, og kan heller ikkje bli dårlegare enn det. Gloppen på sjetteplass har 13 poeng. Opp til Fyllingen 2 på fjerdeplass er det eitt poeng, men bergensarane har ein kamp til gode på Stryn. Dale, med to kampar til gode, er nummer tre med 20 poeng.

Felles serieavslutning

Neste helg avsluttar 3. divisjon med kampar i Sotra Arena for alle laga.

Ivana Kresic har banka inn 115 scoringar for Stryn denne sesongen og har sjansen til å bli toppscorar. Heidi Sægrov frå Gloppen har 120 mål, men berre ein kamp att å spele.