– Det har vore nokre gratulasjonar på skulen i dag, det er kjekt det, seier 15-åringen Emilie Flo Stavik som klarte ein 3. plass under fellesstarten Young Star 2018 i Holmenkollen i helga.

– Det var spesielt å gå i Kollen, det er veldig mykje folk der. Spesielt kjekt var det å få til skytinga, det pleier eg ikkje vere så god på. Eg hadde nesten gitt opp etter første skyting med berre tre treff, men etter fullt hus på siste skytinga, så visste eg det var håp, fortel Emilie.

– Ikkje smart å knekke staven

Markane IL-løparen Oskar Guddal Breivik seier han er nøgd med sin 4. plass, men han er også litt bitter ettersom han gjorde som Oddvar Brå har gjort før han.

Stryningar møtte stryningar Gunn Kristi, Emilie og Maren møtte Johannes Thingnes Bø og Tarjei Bø. Alle tok del i renn i Kollen denne helga med svært gode resultat. Foto: Privat

– Ikkje særleg smart å knekke staven 200 meter før mål. Eg er ganske sikker på at eg hadde fått ein andreplass viss staven ikkje hadde knekt, seier Oskar hovudristande.

Ambisiøse

Blant 30 jenter til start, var alle dei tre stryningane inne blant topp 10.

Gunn Kristi Stensaker Tvinnereim frå Hardbagg IL tok 7. plass og Markane-løparen Maren Hjelmeset Kirkeiede gjekk inn på ein 10. plass. Det å gå i Holmenkollen føre eit stort publikum gav ungdomane ein vitamininnsprøyting til å satse vidare. Dei fire fortel at det er veldig aktuelt å gå skiskyttarlinja i Stryn og satsar gjerne høgt.

– Vi satsar på OL i 2022, seier dei tre jentene nærast i kor.

– Eg skal på landslaget og slå Johannes, seier Oskar smilande.